Olaf Sveinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Olav Sveinsson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Sveinsson
Fødd 18. desember 1842
Seljord
Død

1. april 1922
Seljord

Yrke politikar

Olaf Sveinsson (18. desember 18421. april 1922) var ein lærar, lensmann og stortingsmann frå Kivledalen i Seljord. Han var medlem av Venstre.

Han var son til ein husmann på garden Gamlestaul i Kivledalen. I 1861 vart han seminarist frå Kviteseid. Same året vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Gransherad. År 1876 fekk han tilsvarande stillingar i Seljord. I 1903 slutta han lærargjerninga og vart då lensmann i Seljord.

Sveinsson var medlem av heradsstyret i Gransherad og seinare i Seljord. I 1876 vart han den fyrste postopnaren i Seljord. Han skreiv dikt og anna som vart trykt i tidsskrift og aviser.

Sveinsson representerte Bratsbergs amtStortinget frå 1883 til 1903. Han var 1883-88 medlem av kyrkjekomiteen, 1889-90 av justiskomiteen, 1891 av militærkomiteen. Frå 1892 til 1903 var han sekretær i konstistusjonskomiteen. Elles medlem av Lagtinget frå 1891 til han 1900-03 var sekretær i same.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]