Olav Tjønnstaul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Tjønnstaul

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1848
Død

1910 (62 år)

Yrke musikar
Born Jørgen Tjønnstaul

Olav Tjønnstaul eller Tjørnstaul (fødd 1846 på Øvsttveiten i Seljord, død 19. januar 1910 på Kviteseid gamleheim) var ein norsk sogeseiar og spelemann frå Seljord i Telemark.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tjønnstaul var dotterson av Anne Godlid. Far hans, Sundre Skogen, var son av den trollkunnige Øli Skogen. Farbroren Olav Skogen spela og hardingfele. Det var sagt at Olav Tjønnstaul tok mykje av trollkunna frå farmoren i arv.

Olav kom til medan Ingebjørg mor hans tente på garden Øvsttveiten, utan at foreldra var gifte. Sundre fråskreiv seg farskapen, og Ingebjørg vart gift med Halt-Ånund Berge, og fekk fleire born med denne. Olav vart fostra på Øvsttveiten og budde der dei første 30 åra av livet. Her lærte han mykje av bestemora Anne Godlid. Som spelemann vart han tidleg påverka av Leiv Sandsdalen i Seljord, og fekk mykje spel frå han. Det var eit privilegium å få lært av Leiv. Han var omhugsam med læresveinane sine. Elles var det farbroren Olav Skogen som var næraste kjelda hans.

Olav vart gift med søskenbarnet sitt, Margjit Olavsdotter Skote, i 1879. Mor hennar Margjit var søster av far til Olav. Saman flytte dei til Skote, og sidan sette dei bu på plassen Tjønnstaul under Kolltveit på Seljordshei. Olav livnæra seg som treskomakar, attåt virket som spelemann og sogeseiar. Margjit og Olav fekk tre born: Ingjebjørg fødd 1880 på Skote, Olav, fødd 1887, og sistpå Jørgen, fødd 1894.

Margjit og Ingebjørg vart sjuke etter ei gravferd i Kviteseid, og dei døydde i 1899. Ingebjørg døydde seks dagar før mora. Faren Olav sa seinare at dei hadde bruka Ingebjørg til medium, og at ho hadde vorte helseknekt av spiritisme. Sonen Olav døydde og tidleg, men rakk å bli ein brukande spelemann. Han skal ha spela «Tinnemannen» då han låg på det siste. Han døydde i 1903.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Det vart sagt av Olav Tjønnstaul var synsk, og folk leita han opp når dei skulle finne ting dei hadde mist.

Om dette skriv Knut Buen:

Han var heller av dei som ville vondskap og urett tillivs. Men arven og eigenskapane hans dei laug ikkje. Han kunne trolle, Olav au. Olav vart midtpunkt kor han kom. God til å fortelja og attåt ein framifrå spelemann i lyd og lag. Lyndet og evnene hans rakk utover det som var vanleg hjå folk flest. Han såg og sansa utom dei «normale» grenser for andre og derfor kunne folk bli heiltupp redde han stundom. Han var ei slag blanding av vismann og trollmann med eit utprega sosialt syn og sans for rettferd og sanning slik du finn det i eventyret. Og til å vera så lite lærd , visste han utruleg mykje. Det hadde han høyrt av dei gamle, og reisten tok han på intuisjon og fantasien. Han levde seg så inn i segn og soge at delar av desse vart noko av den daglege tale han nytta og det han ellers sa var farga av den gamle forteljarstilen og ordvalget der.[1]

Rikard Berge leita opp Olav på Tjønnstaul, og Olav fortalde. «Aldri hev eg sétt nokon saa tekin av si forteljing», skreiv han seinare. Rikard skreiv så fingrane verka, og greidde tolv soger om dagen i denne tida. Knut Loupedalen har og skrive opp soger etter Olav.

Rikard Berge fortel om Olav Tjønnstaul: «Augo feste seg snart ved ein mann som sat til skrævs yvi ei tunne i kroi lengst ifraa meg. Han hadde feleskrin; han var spelemann tydeleg. Eg sat og lura paa dette urolege handelaget i denne vake, veiklege kroppen, dei mjuke spelemannsfingane. Men der glor han paa meg og sovorne augo skulde du ikkje tidom sjaa i folkehaus. Dei talar om glodrleg; men var ikkje han glodrleg, so visste ikkje eg. Men snart gløymde eg glordlage og kom berre i hug koss livande augo var. Eg skulde nok mangein gong hava dei augo for meg.»

Då Olav låg på det siste, bad Olav at Rikard skulle koma til han att, for å skrive ned det som var att av soger og eventyr før han døydde. Rikard Berge undra seg: «Kor mange sogusegjarar i den vide verdi hev elska si kunst til ho vart tru? Og kven i den vide verdi sender bod til samlaren at han vil segja eventyr med han ligg for døden?»

Rikard Berge kom, og sette seg attmed senga hans og skreiv ned alt Olav makta å få sagt:

Og der sat eg daa dag etter dag ved sjukesengi av den døyande, med den stramaste karbolstank ikring meg og forteljaren so haas at heile framføringi var ein kvæsande kviskring. Mannen hadde strupetæring. Fyrste dagane orka han segja tvo eventyr til dagen; men de minka av til eitt dagleg på slutten.
«Ja, dæ va' godt du kaam, Rikar! Naa hev du dæ meste ette best'mor, dæ hev du!»
Eg maatte turke taarine fyrr dei draup aat boki.
«No hev du aa Knut yvi hondrae, Rikar. Dæ bli bra bok, dæ! Dæ skaa kje vera mange du raakar som kann dæ eg kann, Rikar!» Eg berre heldt honom i hondi. «Du hev vori ein snill gut, far, aa naa maa du helse'n Knut, dæ maa du. D`æ kvitt mæ meg, ser du, dæ æ nok endestavnen, dæ!»

Olav Tjønnstaul døydde på Kviteseid aldersheim 19. januar 1910. Mange av sogene hans, og huglyndet, vart ført vidare av sonen, spelemannen Jørgen Tjønnstaul.

Eivind Groven skreiv opp ein variant av «Førnesbrunen» etter Olav, som er trykt i band tre av Hardingfeleverket. Slåtten skil seg frå andre variantar av slåtten ved felestillet a-d-a-ciss (trollstilt). Groven skreiv ned slåtten i 1921 etter eit voksrullopptak Berge gjorde i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buen: Jørgen Tjønnstaul, 1984