Olav Ugjæva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Ugjæva
norrønt Ólafr úgæva
Fødd12. hundreåret
Død1169

Olav Ugjæva (død 1169) var eit kongsemne under borgarkrigstida i Noreg. Han tok kongsnamn i 1167, men vart året etter nøydd å flykta til Danmark, der han døydde.

Olav var son til Gudbrand Skavhoggsson (Guðbrandr Skafhǫggsson) og Maria Øysteinsdotter (María Eysteinsdóttir), dotter til kong Øystein Magnusson. Han vart oppfostra av Sigurd Agnhatt (Sigurðr agnhǫttr) på Opplanda. På slutten av 1160-talet vart Noreg styrt av jarl Erling Skakke medan sonen hans, kong Magnus Erlingsson, var mindreårig. Erling hadde lukkast i å få gjort sonen sin til konge etter langvarige kampar mot andre kongsemne sidan midten på 1150-talet. I 1167 reiste Sigurd Agnhatt og fostersonen Olav ein flokk på Opplanda og gav Olav kongsnamn, medan Erling Skakke var i Danmark. Etter at Erling vende attende til Noreg for å kjempe ned reisinga angreip Olav og hans menn Erling i eit bakhald på Rydjokul i Sørum. Erling vart skada og kom seg så vidt unna. Etter sogene vart det sagt at Olav var uheldig som ikkje hadde drepe Erling i denne kampen, og slik fekk Olav tilnamnet sitt, som tyder om lag Olav den uheldige. Året etter reiste Olav og flokken hans til Viken (Oslofjord-området), der dei vart slått i eit slag ved Stanger (i Våler i Østfold). Sigurd Agnhatt vart drepen i slaget, men Olav kom seg unna og flykta til Danmark. Året etter vart han sjuk og døydde der. Sogene fortel at danskane heldt han for å vera heilag.

Olav og reisinga hans vert omtalt i kongesogene Heimskringla og Fagrskinna. Desse to sogene er usamde om han døydde i Århus eller Ålborg.