Olav Versto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Versto
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1950
Tinn kommune Sjå dette på Wikidata
Død

7. juli 2011 (60 år)
Farsund kommune Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, redaktør
Far Aslak Versto Sjå dette på Wikidata
Ektefelle Kari Storsletten

Olav Versto (31. juli 19507. juli 2011) var ein norsk journalist som var tilsett i VG i ei årrekkje. I perioden 1994–2008 var han politisk redaktør i avisa.

Versto var fødd i Tinn i Telemark. Han tok graden cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1976, og byrja året etter å arbeida for NRK. Versto var i mange år kjent som programleiar og reporter i NRK Radio, der han i 1980-åra leidde fleire debattar mellom dei to viktigast politikaranæ i Noreg på den tida, Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland. Han kom til VG som redaksjonssekretær i 1987 og vart politisk redaktør for avisa i 1994. 31. desember 2008 forlét han stillinga, og vart etterfølgd av Hanne Skartveit.[1] Frå 2009 og fram til han døydde var Versto redaktør i kommentaravdelinga. Olav Versto døydde 7. juli 2011 i ei båtulukke i Farsund.[2]

Personlege tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Olav Versto stamma frå Vinje i Telemark, og var barnebarn av Olav Aslakson Versto og son av Aslak Versto, som begge var politikarar.[3] Han var bror av journalisten Astrid Versto og forfattaren Stein Versto.[4][5] Han var gift med journalist Kari Storsletten i Aftenposten. Hausten 2007 vart paret sett opp på ei liste over dei mektigaste para i Media-Noreg av NA24.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Versto går av». Kampanje. 16. september 2008. Henta 17. desember 2008. 
  2. «Olav Versto omkom i ulykke». VG. 8. juli 2011. Henta 8. juli 2011. 
  3. Edland, Åsulv: Olav Versto (1950 -2011). Dag og Tid, 14. juli 2011
  4. – Raus og snill. Varden, 11. november 2017
  5. Kranglet for åpent kamera. Dagbladet, 19. mars 1999.
  6. «Disse parene har størst makt». TV 2 Nettavisen. 19. september 2007. Henta 17. desember 2008.