Olav Versto den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Versto den eldre
Stortinget på ski - L0044 696Fo30141609070135.jpg
Olav Versto frå eit av Stortinget sine skirenn
Fødd 22. juni 1892
Rauland
Død

13. juni 1977

Yrke politikar
Olav Versto den eldre på Commons

Olav Versto (22. juni 189213. juni 1977) var ein småbrukar og politikar frå Rauland i Telemark, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1961. Han var far til Aslak Versto og bestefar til journalistane Olav Versto og Astrid Versto.

Versto var fødd på ein gard i Rauland. 18 å gammal var han med og skipa Vinje arbeidarlag. Frå 1919 til -31 var han medlem av Vinje formannskap, og på ny frå 1947 til -55. Mellom 1931 og 1937 var han varaordførar. Gjennom desse åra hadde ha mange tillitsyrke, mellom anna styreformann i Skafså kraftverk.

Ved stortingsvalet hausten 1927 vart Versto vald inn på Stortinget frå Telemark. Etter å ha vorte attvald sju gongar, forlet han Stortinget i 1961. I utanriks- pg forsvarspolitiske spørsmål sokna han til venstrefløya i Arbeidarpartiet, kritiserte ofte politikken til NATO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. X. bandet. 1966