Olav Werner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Werner
Fødd29. juli 1913
FødestadModum kommune
Død10. mars 1992 (78 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar

Olav Werner (29. juli 191310. mars 1992) var ein norsk songar frå Geithus i Modum kommune. Han var mykje nytta som solist både i Ønskekonserten og NRK sine andaktsprogram. Han gav ut ei rekke plater og heldt mange konsertar, over 300 av desse var saman med organisten Rolf Holger.

Olav Werner var tenor/baryton. Han studerte song med Sigurd Hoff ved Musikkonservatoriet i Oslo. Frå 1937 song han inn over 600 singlar og LP-plater. I fleire år song han slagarar, men i 1945 debuterte han med kyrkjekonsertar. I NRK song Werner romansar og folketonar. Han medverka òg ved eit par operaoppsettingar. I 19 år var han medlem av Andaktskvartetten. Han var med då operaen Cymbelin vart oppført på Nationaltheatret. Han gav konsertar i Skandinavia, England og Tyskland.

7. juni 2009 vart det avduka ein bauta til minne om Olav Werner på Geithus. Olav Werner budde på Eiksmarka det meste av livet sitt. I mange år åtte og dreiv han eit gravferdsbyrå i Oslo,

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Notis i Budstikka 6. juni 2009 side 49.
  • Olav Werner død. Artikkel i Aftenposten 11. mars 1992 side 37.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]