Olav og Kari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav og Kari er ei norsk folkevise frå mellomalderen. Visa er skriven som ei dansevise. Ho er kjend i ulike variantar i dei nordiske landa, og skal ha opphav i ei frankisk forteljing.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Kvart vers av songen har to verseliner og to omkved, omkvedet viser at dansen har skjedd utandørs:

«Olav sat heime i åtte år
- Trø meg inkje for nære -
fyrr han ville si mo'eri sjå.
- På vollen dansar mi jomfru.»
---

Slik songen er nedskriven i utgåva til Moltke Moe og Knut Liestøl, er versa grupperte i fire bolkar:
I - to vers i ei stutt innleiing der vi vert presenterte for aktørane: Olav, Kari og mor hans Olav.
II - åtte vers om Olav hos mora

III - seksten vers om Olav som kjem tilbake til Kari

IV - sju vers om Kari i himmerike.

Visa finst òg i andre variantar. Spesielt kan mellomsteva eller omkveda variere, Anne Bruhær i Mo song visa slik:

«Ólav sat heime í åtte år
- Dei sigler mæ fløy -
fyrr han vill' til sin moder gå.
- Dei gifte sí syster í Samsøy.»
---

I Sverige er visa kjend som «Herren Båld»:

«Så er det väl sant som dig varit spådt,
herren Båld han hafver en Trollona fått.
Och kära min moder, ni talaen inte så,
Gud nåde! den lögnen kommer uppå!»
---

Sluttstrofane finst att i ei dansk vise:

«Du tage min Særk, saa blodig den er,

og den hjem til min Moder før!»

---

Elles har visa slektskap òg i viser frå Skottland og frå Portugal, «Helene».

Element frå norrøn mytologi viser at visa må vere svært gammal i Noreg. Ho er halden vor å vere ei av dei ypperste og mest karakteristiske norske folkevisene.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Visa handlar om Olav og Kari som er vorte gifte, og vi forstår at mora til Olav ikkje synst noko om giftarmålet. Ho fortel at Kari fer med trolldom, og når Olav ikkje vil tru mor si, vert han irettesett for dette. Han kjem heim til Kari, fortel kva mora har sagt, og han slår ho Kari til blods. Kari ber Olav sende den blodige serken heim til mor hennar, og be henne om å ikkje gifte bort fleire døtrer. Til slutt kjem Kari til himmerik, der ho møter jomfru Maria. Ho går i forbøn for Olav og mor hans. Jomfru Maria svarar at Olav skal få kome til himmerike, men ikkje mor hans.

Handlinga i visa skal ha opphav i soga om den frankiske prinsessa Klotilde Klodevigsdotter, som levde på 500-talet. Etter at faren døydde, vart ho i 526 gift med vestgotarkongen Amalarik. Han var ivrig arianar, medan ho var katolikk. Etter soga slo og pinte han henne for dette, og til slutt sende ho den blodige serken sin heim til bror hennar, Childebert. Broren skunde seg å hemne uretten mot systera; han stridde mot Amalarik og vann. Childebert ville føre Klotilde heim til frankar-riket, men på heimvegen døydde ho. Klotilde vart rekna som ein martyr for den rette trua, for katolisismen i striden mot arianismen.

I Noreg kjende folk mindre til striden mellom arianarar og katolikkar; i staden tok visa opp tema knytt til heidenskap og trolldom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sophus Bugge (1858): Gamle norske folkeviser
  • Knut Liestøl og Moltke Moe (1920): Norske folkevisor
  • Kristian Elster (1935): Illustreret norsk litteraturhistorie