Olavskjelda i Eivindvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olavskjelda på Krossteigen i Eivindvik
Foto: John Erling Blad (2008)

Olavskjelda i Eivindvik er ei vasskjelde i Eivindvik i Gulen kommune. Vasskjelda er på Krossteigen i Eivindvik der det også står ein 2,5 meter høg steinkross av «nord-anglisk» type.

Ifølgje ei segn skal Olav den heilage ha drukke av kjelda, som er kjend for å nesten aldri gå turr. Rundt om i landet finst det fleire slike St. Olavs-kjelder, og dei har liknande segn knytte til seg. Etter tradisjonen er dei gjerne omtalte som heilage offer- og lækjedomskjelder,[1] og gir velsigning og styrke til den som drikk eller tek på vatnet. Segna seier at også denne er helsefremjande. Slike kjelder er ofte kopla til heidenskap og ritar mot blant anna åsatru. Til kjeldene er det ofte knytte segn.

Mange som har studert steinkrossane i Eivindvik meiner å finne ein samanheng mellom krossane og denne kjelda. Ein ynskte å overføre merksemda frå kjelda til krossen ved kjelda, der kjelda kan ha hatt ein eldre funksjon. Krossen kan ha vore brukt under Gulatinget når det blei lyst tingfred under krossmerket. Krossen ved kyrkjeporten kan ha fungert som samlingsmerke for kyrkjelege handlingar.

Under utbygginga av kommunehuset på 80-talet blei Olavskjelda drenert, men ho blei rekonstruert i 2003.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aaraas, Margrethe Henden, Dupedal, Torkjell. Vengen, Sigurd og Førsund, Finn Borgen; På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane, bind 2 Sogn, Førde 2000 ISBN 82-91722-14-5
  • Nordsjøløypa, Informasjonsark fra Turistinformasjonen i Gulen kommune

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gulatinget: Steinkrossane i Eivindvik, arkivert frå originalen 17. juli 2011, henta 1. november 2010 
  2. Gulen kommune: Krossteigen opp og fram[daud lenkje]