Olavsklosteret i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olavsklosteret - Oslo
Oslo bispegard med restar av Olavsklosteret som kjellar

Olavsklosteret i Oslo vart grunnlagt i 1239, då kong Håkon Håkonsson gav dominikanarane ei tomt like nord for Halvardskyrkja. Her stod allereie Olavskyrkja, som var bygd nokre tiår tidlegare. Dette skulle verta klosterkyrkja i det nye anlegget, og ho vart bygd om for å passa til dominikanarane sine spesifikasjonar. Truleg vart dei første bygningane bygd i tre, og vart etter kvart erstatta med murbygningar. På byrjinga av 1300-talet har truleg heile anlegget i mur stått ferdig.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Dominikanarordenen hadde strenge krav til utforminga av klostera sine. Grunnplan og rominndeling låg fast, og skulle vera den same i alle klostera til ordenen. Blant anna skulle klosterkyrkja utgjera nordfløya i anlegget. Problemet var at det ikkje var plass på sørsida av Olavskyrkja; her er det berre nokre få meter over til Halvardskyrkja, domkyrkja i byen. Klostret måtte difor byggjast nord for kyrkja, og dermed måtte han liggja i sørfløya. Dette vart omgått ved at dominikanernes plankonsept vart speglvendt.

Avvikling[endre | endre wikiteksten]

Ved reformasjonen i Danmark-Noreg vart klosteret avvikla, og steinbygningane i det gamle Oslo vart i stor grad nytta som steinbrot ved utbetringar av Akershus slott og festning. Bispeborga forfall, men delar av Olavsklosteret har tydelegvis vore betre bygd enn vanleg, og stod nærast intakt. På midten av 1500-talet flytta difor biskopen over til austfløya av Olavsklosteret. Her vart han buande heilt opp til vår eiga tid, og bispegarden vart etter kvart om- og påbygd. Men tre av romma i første etasje er verna, og er dei einaste ståande bygningselementa som er igjen frå det gamle Oslo.[1]

Arkeologiske undersøkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1836 hadde Abraham Spenning høyrt at det skulle finnast ein underjordisk gang mellom bispegården og Halvardskyrkja. Han freista å grava for å finne denne, men fant berre svære murfundament. Riksarkivar Christian Lange kopla opplysningane til Spenning med det ein visste om Olavsklosteret, og gjekk ganske rett ut frå at desse murane hadde ei tilknyting til dette. Spenning si graving vart følgt opp av Nicolay Nicolaysen. Han fekk lov til å opna ein del mindre felt i hagen til bispegarden, og kunne ut frå dei skissera ein grunnplan for klosteret.

På byrjinga av 1920-talet byrja NSB arbeida med to tunnelar gjennom Gamlebyen. I forkant av dette vart det organisert arkeologiske undersøkingar leia av Gerhard Fischer. Delar av klosteret vart gravne ut og seinare rekonstruerte. I 1928 kosta Oslo kommune på ei utgravning i klosteret, seinare vart det fleire mindre utgravningar fram til 1967. Først då var heile klosteret fullt undersøkt.

Ruinane av Olavsklosteret vart fullrestaurert i 2011, og inngår som del av Ruinparken i Gamlebyen. Olavsklosteret er eit kulturminne og har nummer 22323 i Kulturminnebasen til riksantikvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Statsbygg — historikk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Tore Hommedal: Olavsklosteret i Oslo. Eit dominikanarkloster frå høgmellomalderen. Fortidsminnesmerkesamskipnaden sin Årbok 1987 s. 129-54
  • Olavsklosteret i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Dominikanerklosteret i Oslo, hos Katolsk.no