Olavskyrkja i Tønsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruin av Olavskyrkja i Tønsberg.

Olavskyrkja i Tønsberg var ein rundkirke som tilhøyrde Olavsklosteret i Tønsberg. Ho er nemnt fyrste gong i 1206, og vart øydelagt i brann, sannsynlegvis under den store bybrannen i 1536.[1]

Baglarkongen Erling Steinvegg vart gravlagt i Olavskyrkja då han døydde i 1207.

Olavskyrkja er den einaste rundkyrkja i Noreg, og den største av slaget sitt i Norden. Då ho vart bygd, på slutten av 1100-talet, skulle ho vera ein kopi av Kyrkja til den heilage grav i Jerusalem. Ho fungerte både som kyrkje og borg, sidan premonstratermunkane som brukte Olavsklosteret hadde sterke fiendar.[2] Rundhuset, som er hovuddelen av dei tre runddelene, var på 23 meter i indre diameter.[3]

Ruinane av kyrkja kan sjåast i utgravingene som er gjort av Olavsklosteret, der Riksantikvaren driv konserveringarbeid. Utgravingene ligg ved Storgaten i Tønsberg, og konserveringarbeidet var ferdig i 2009.[4]

Foreininga Rundkirkens venner i Tønsberg arbeider for å formidla historia til Olavskyrkja, og ønsker å gjenreisa kyrkja.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dei gamle kyrkjene i Tønsberg»
  2. Mellomalderkyrkjene i Vestfold –
  3. Pilegrim.no –, arkivert frå originalen 26. august 2005, henta 9. september 2016 
  4. Tønsbergs Blad –
  5. Tønsbergs blad 6/6-2015. http://www.tb.no/tonsberg/kultur/er-det-noe-som-er-juks-er-det-ruinene-vare/s/5-76-79803
  6. Om Rundkirkens venner. http://rundkirken.no/documents/om-rundkirkens-venner.php

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]