Olavsspenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olavsspenning i Dolstad kyrkje, etter tradisjonen «tåvio hans Heming», tidlegare bruka som dørring, no festa der klokketaua ein gong hang.

Olavsspenning eller olavsspennil er ein vidjespenning bunden på ein spesiell måte, slik at han skal vere lett å opne. Ordet er i dag helst knytt til olavsspenningar av smijarn som kan henge i norske kyrkjer; her har dei ofte vore bruka til å feste klokketauet eller som dørringar.

Olavsspenningar i smijarn har oftast ein diameter omkring 15 cm, og har form som ein vidjespenning. Dei har ikkje ornamentikk eller andre særtrekk som gjer at ein kan tidfeste dei, men det er sannsynleg at slike olavsspenningar kan gå attende til mellomalderen. Namnet er knytt til helgenkongen Heilag-Olav.

Slike olavsspenningar i smijarn er kjende frå mellom anna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]