Old Yellow Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Old Yellow Moon
Studioalbum av Emmylou Harris og Rodney Crowell
Språk engelsk
Utgjeve 26. februar 2013
Innspelt 2012
Sjanger Country, folk
Lengd 41:06
Selskap Nonesuch
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
Hard Bargain
(2011)
Old Yellow Moon The Traveling Kind
(2015)
Rodney Crowell-kronologi
Sex & Gasoline
(2008)
Old Yellow Moon Tarpaper Sky
(2014)


Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic(75/100) [1], 14 kritikarar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars lenkje
Aftonbladet4/5 stars lenkje
Paste8/10 stars lenkje
Rock Cellar4/5 stars lenkje
Rolling Stone Tyskland3.5/5 stars lenkje
Slant Magazine4/5 stars lenkje
Stereo SubversionB+ lenkje
The Independent4/5 stars lenkje
Uncut8/10 stars lenkje
USA Today3.5/4 stars lenkje
Vue Weekly4/5 stars lenkje

Old Yellow Moon er eit studioalbum av dei amerikanske countrymusikarane Emmylou Harris og Rodney Crowell, gjeve ut 26. februar 2013 i USA på Nonesuch Records.[1]Det er det 27. albumet til Harris totalt og det tiande studioalbumet til Crowell.

Albumet vart produsert av den tidlegare ektemannen og mangeårige produsenten til Harris, Brian Ahern og vart spelt inn i 2012 i Eastern Island Sounds og Ronnie's Place, begge i Nashville.[2]

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Old Yellow Moon var eit av mange samarbeidsprosjekt mellom Harris og Crowell, og det første som kom ut som eit samarbeidsalbum. Dei hadde planlagt og ønskt å spele inn eit duettalbum i mange år. I notata til plateboksen Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems i 2007, skreiv Harris at «me har snakka om å lage eit duettalbum i 34 år, og eg sver at me skal gjere det.»[3]

Harris og Crowell hadde møtt kvarandre nesten 40 år før albumet kom ut, i 1974, og dei to starta å arbeide i lag nesten med ein gong. Harris spelte inn Crowell-songen «Bluebird Wine». Songen vart opningssporet på Pieces of the Sky av Harris frå 1975, og vart spelt inn på ny for Old Yellow Moon med ein litt anna tekst, og med Rodney Crowell på solovokal.

I 1975 vart Crowell ein del av bandet til Harris, «The Hot Band». Han turnerte med henne og var musikar på dei fleste albuma hennar i 1970- og 1980-åra. I tillegg har Harris spelt inn kring 20 songar skrivne av Crowell gjennom åra, som «I Ain't Living Long Like This», «Leaving Louisiana in the Broad Daylight» og «Till I Gain Control Again». Harris var til gjengjeld korvokalist og musikar på debutplata til Crowell, Ain't Living Long Like This, i 1978.

Old Yellow Moon nådde topp 10 på countryalbumlista og vann Harris den 13. Grammyprisen hennar i 2014 for beste americana-album.[4]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Den første songen frå Old Yellow Moon, «Hanging Up My Heart», vart lagt ut offisielt på YouTube i desember 2012. Duoen spelte hovudsakleg inn eldre songar, som den tidlegare nemnde «Bluebird Wine» og Crowell-songen «Here We Are», som vart spelt inn av Harris og George Jones i 1979 for albumet hans My Very Special Guests. Dei spelte òg inn Roger Miller sin «Invitation to the Blues», som var ein hit for Ray Price i 1958.

«Spanish Dancer» vart skriven og spelt inn av Patti Scialfa for hennar Rumble Doll i 1993. På Old Yellow Moon er songen blitt ein typisk Harris-ballade. «Open Season on My Heart», dels skriven av Crowell, var tidlegare spelt inn i 2004 av Tim McGraw for albumet sitt Live Like You Were Dying.

«Chase The Feeling», som i lag med «Black Caffeine», har ein noko annleis og «hardare» stil samanlikna med resten av albumet, vart skriven av Kris Kristofferson og kom ut i 2006 på albumet hans This Old Road. «Dreaming My Dreams» var skriven av Allen Reynolds, som produserte eit par av albuma til Emmylou Harris tidleg i 1990-åra. Opphavleg var denne songen ein hit for Waylon Jennings.

«Bull Rider» var skriven av Crowell for Johnny Cash, som spelte han inn i 1979 for albumet Silver. Tittelsporet på albumet er ein song skriven av Hank DeVito, som var medlem av Hot Band i 1970-åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hanging Up My Heart»Hank DeVito2:52
2.«Invitation to the Blues»Roger Miller3:38
3.«Spanish Dancer»Patti Scialfa3:44
4.«Open Season on My Heart»Rodney Crowell, James T. Slater3:41
5.«Chase the Feeling»Kris Kristofferson3:31
6.«Black Caffeine»Donivan Cowart, DeVito3:23
7.«Dreaming My Dreams»Allen Reynolds3:18
8.«Bluebird Wine»Crowell2:56
9.«Back When We Were Beautiful»Matraca Berg3:40
10.«Here We Are»Crowell3:15
11.«Bull Rider»Crowell3:05
12.«Old Yellow Moon»DeVito, Lynn Langham3:37
Total lengd:40:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Ahern – produsent
  • Shannon Ahern – produsentassistent
  • Chuck Ainlay – lydteknikar
  • Donivan Cowart – lydteknikar
  • John Baldwin – assisterande lydteknikar
  • Noland O'Boyle – assisterande lydteknikar
  • Bob Ludwig – mastering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2013) Plassering
Den belgiske albumlista (Flandern) 38
Den belgiske albumlista (Vallonia) 115
Den danske albumlista 32
Den nederlandske albumlista 22
Den franske albumlista 123
Den tyske albumlista 71
Irish Individual Artist Albums 33
Den newzealandske albumlista 24
Norske VG-lista 6
Den svenske albumlista 12
Den sveitsiske albumlista 47
UK Albums Chart 42
UK Country Albums Chart 1
US Billboard 200 29
US Billboard Top Country Albums 4
US Billboard Top Folk Albums 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Emmylou Harris | Nonesuch Records». Nonesuch.com. Henta 22. november 2020. 
  2. Old Yellow Moon, booklet
  3. Emmylou Harris (2007): Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems (box set), booklet
  4. Whitaker, Sterling. «2014 Grammy Awards – Country Winners List». Henta 22. november 2020.