Olderfjorden på Seiland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°23′6.8316″N 23°27′8.5572″E Olderfjorden (samisk Leaibevuotna) er ein fjord på øya Seiland langs kommunegrensa mellom Kvalsund og Alta i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 2,5 km nordvestover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Gressnes i nordaust og Seines i sørvest. Like ved innløpet ligg Olderfjordholmen (samisk Leaibevuonsuolu) i fjorden. Fjorden er 65 meter på det djupaste, midtfjords om lag halvvegs inn i fjorden.