Universitetets Oldsaksamling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oldsaksamlinga)
Oldsaksamlinga har utstillingar og kontor i Historisk museum.
Foto: Vidar Iversen

Universitetets Oldsaksamling er ei avdeling av Kulturhistorisk museum som igjen er del av Universitetet i Oslo. Avdelinga er arkeologisk landsdelmuseum for Austlandet og Sørlandet. Oldsaksamlinga har kontor i Historisk museum i Frederiks gate 3, i St. Olavsgate 29 og i VikingskipshusetBygdøy. Universitetets Oldsaksamling er det største arkeologiske museumet i Noreg, både etter talet på tilsette og talet på katalogiserte gjenstandar. I dag består samlinga av godt over ein million gjenstandar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1811 oppretta Selskabet for Norges Vel ein eigen komité kalla Antiquitetskommisjonen. Denne fekk som mandat å ta vare på oldsaker frå heile Noreg. I 1823 hadde kommisjonen bygd opp ei fin lita samling av oldsaker som blei donert til universitetet. Her blei dei tekne vare på i eit rom i Universitetsgården, som låg på hjørnet mellom Kongens gate og Prinsens gate. Den som først fekk ansvar for samlinga var professor i historie Cornelius Enevold Steenbloch. Same haust blei ansvaret overført til dosent i historie Rudolf Keyser. Samlinga blei no kalla Universitetets Samling av Nordiske Antiquiteter.

I 1829 blei Keyser formelt utnemnd til styrar for samlinga, som frå då av var eit eige institutt ved Universitetet. I dei følgjande åra voks samlinga til ei omfattande samling av oldsaker og mellomaldergjenstandar. I 1837 ordna Keyser samlinga kronologisk etter steinalder, bronsealder og jernalder, etter mønster av Christian Jürgensen Thomsen sitt treperiodesystem. Frå same år førte han òg fortløpande katalog over samlinga og tilveksten hennar.

I 1862 vart ansvaret for samlinga overteke av Oluf Rygh. Han blei utnemnd til professor i arkeologi i 1873, som den første i Noreg. Rygh er no mest kjent for dei omfattande grunnlagspublikasjonane sine, men han hadde òg visjonar for museet. Han hadde som mål at Oldsaksamlinga skulle bli eit arkeologisk riksarkiv, og han fekk dei andre arkeologiske musea i landet med på eit samarbeid om publikasjon av tilveksten. Denne blei gjeven ut i Fortidsminnesmerkesamskipnaden si årbok, og er vidareført i litt vekslande form heilt opp til notida. Få andre land har ein tilsvarande publikasjon av heile det arkeologiske gjenstandsmaterialet sitt.

I 1852 flytta samlinga inn i dei nye bygningane i Karl Johans gate, men fekk raskt plassmangel. Samlingane blei stabla inn i ledige rom, kott og avlukke i Domus Academica. I 1867 grov Rygh ut «Tuneskipet», som i 1880 fekk selskap med «Gokstadskipet» i skur bak Universitetet. Tilhøva var klart uhaldbare, og ein gjekk med planar om eit eige bygg til samlingane. I 1897 løyvde Stortinget dei første midla til utbygging. Det noverande Historisk museum stod ferdig i 1902, men då var Rygh borte. Han døydde under feltarbeid i Telemark i 1899. Det var difor etterfølgjaren Gabriel Gustafson som fekk innvia det nye museet. To år seinare fekk han æra av å grava ut Osebergfunnet. «Osebergskipet» blei sett saman med dei to andre i Universitetshagen, og prakt- og bruksgjenstandane blei etter kvart som dei var ferdig konserverte sette opp i ein eigen sal i annan etasje av museet. Då gjekk han allereie med ideen om eit nytt bygg på Bygdøy, der vikingskipa skulle vera sentrum i noko som skulle vera eit eige norsk historisk nasjonalmuseum. Gustafson fekk finansiert grunnarbeid til eit bygg på Bygdøy, teikna av arkitekt Arnstein Arneberg, som skulle husa vikingskipa. Dette bygget, det noverande Vikingskipshuset, var likevel meint å vera første trinn av eit større anlegg som skulle romma heile Universitetet si oldsaksamling.

Osebergfunnet innebar ei stor landevinning for norsk arkeologi, og det på meir enn ein måte. Det blei no klart at ein trong lovregulering av tilhøva rundt funn av oldsaker og dei faste fornminna. I 1905 vedtok Stortinget den første Lov om Fortidsminder, som er vidareført i dagens Lov om kulturminne. Dei arkeologiske musea var no ikkje berre oppbevaringsanstaltar for arkeologiske gjenstandar. Dei hadde ansvar for at loven blei oppretthalden – dei var blitt det ein i dag kallar forvaltingsmuseum. For Universitetet si Oldsaksamling innebar dette at museet fekk pålagt ansvar for utgraving og innsamling av gjenstandar frå ti fylke på Aust- og Sørlandet.

Då Gustafson døydde i 1915 overtok Anton Wilhelm Brøgger i professoratet. Grunnarbeida på Bygdøy blei sette i gang i 1916, men vidare finansiering var ikkje ordna. Den første store oppgåva til Brøgger var å finansiera vidare utbygging av dagens Vikingskipshus. I. 1926 blei Osebergskipet flytta til Bygdøy, Tuneskipet og Gokstadskipet var på plass ved hundreårsjubileet i 1929. Brøgger fekk likevel ikkje oppleva innviinga av Osebergfløya med resten av funna herfrå i 1957.

Ved innviinga av Vikingskipshuset stod òg første byggetrinn av museumsprosjektet til Arneberg ferdig. Det skulle likevel aldri bli heilt fullført.

Brøgger gjekk av som museumsstyrar i 1949. Han blei etterfølgd av assistenten sin sidan 1919, Bjørn Hougen, som tiltredde professoratet i 1950. I 1968 blei Hougen etterfølgd av Sverre Marstrander, som var styrar til 1980. Då var det Arne Skjølsvold som overtok fram til 1985, og Arne Emil Christensen styrte fram til 1989. Egil Mikkelsen var styrar for Oldsaksamlinga 1989-1992, Erla Bergendahl Hohler 1992-1994 og 1997-1999 og Einar Østmo 1994-1997.

I 1999 blei dei tre kulturhistoriske universitetsmusea i Oslo, Universitetets Oldsaksamling, Etnografisk museum og Myntkabinettet, slått saman i det nyoppretta Kulturhistorisk museum. Mikkelsen var direktør for dette i perioden 1999-2011; frå 2011 til 2013 var Rane Willerslev direktør. Frå februar 2014 overtok Håkon Glørstad som direktør.

Liste over styrarar og direktørar[endre | endre wikiteksten]

  • Cornelius Enevold Steenbloch, 1823
  • Rudolf Keyser, 1823-1862
  • Oluf Rygh, 1862-1899
  • Gabriel Gustafson, 1899-1915
  • Anton Wilhelm Brøgger, 1915-1949
  • Bjørn Hougen, 1950-1968
  • Sverre Marstrander, 1968-1980
  • Arne Skjølsvold, 1980-1985
  • Arne Emil Christensen, 1985-1989
  • Egil Mikkelsen, 1989-1992
  • Erla Bergendahl Hohler, 1992-1994
  • Einar Østmo, 1994-1997
  • Erla Bergendahl Hohler, 1997-1999
  • Egil Mikkelsen, 1999-2011
  • Rane Willerslev, 2011-2013
  • Håkon Glørstad, 2014-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Marstrander, Sverre: «Universitetets Oldsaksamling 150 år». Universitetets Oldsaksamlings Årbok 1979 s. 7-20. Oslo 1979. ISBN 82 781 010 3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]