Oldtid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For geologisk oldtid, sjå paleozoikum.
Teikinga av Pergamon i oldtida.

Oldtid eller gamletid viser til den eldste tida i historia i europeisk, nordafrikansk og vestasiatisk samanheng.[1] I snever forstand kan «oldtid» visa til den gresk-romerske verda i antikken. I vid forstand tek ein også med dei tidlege sivilisasjonane i Mesopotamia og Egypt.[2]

Det kan visa til tida frå dei eldste kjende samfunna oppstod og fram til folkevandringstida. I europeisk samanheng har ein ofte rekna år 476 som eit skilje mellom oldtida og mellomalderen, ettersom dette var åre då Vestromarriket fekk ein germansk konge.[2] I norsk samanheng viser oldtida ofte til tida før vikingtida.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «oldtid» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Andersen, Øivind (31. januar 2018). «oldtiden». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]