Oldtidsbyen Mari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°32′58″N 40°53′24″E
Mari (تل حريري, Tell Hariri)
by
MariZiggurat.jpg
Ziggurat i Mari
Land Flag of Syria.svg Syria
Region Mesopotamia
Fylke Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Abu Kamal
Koordinatar 34°32′58″N 40°53′24″E
Wikimedia Commons: Mari

Mari var ein viktig oldtidsby i Mesopotamia. Han låg på vestbreidden av Eufrat søraust i noverande Syria, ikkje langt frå Irak. Staden der byen låg er i dag kjend som Tel el Hariri eller Tell Hariri.[1]

Historia til byen kan førast tilbake til 2000-talet f.Kr. Han blømde på 1000-talet f.Kr. under amorittisk styre. Rundt 1759 f.Kr. blei byen erobra og øyddelagd undeer babylonarkongen Hammurabi.[1]

Byen blei gjenoppdaga av arkeologar i 1933. Utgravingar har avdekka over 25 000 leirtavler med akkadisk kileskrift.[2] Dei var del av eit kongeleg arkiv, og gjev informasjon om samfunn, folk og skikkar i samtida.[3]

Restane etter Zimri Lim-palasset

På grunn av den syriske borgarkrigen blei utgravingane stoppa og væpna grupper tok over staden. Ein offisiell rapport fortalde at tjuvar særleg robba «det kongelege slottet, det offentlege badet, Ishtar-tempelet og Dagan-tempelet».[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kapelrud, Arvid S. (16. februar 2016), «Mari», Store norske leksikon 
  2. William Henry (2006). Mary Magdalene: The Illuminator. s. 110. 
  3. LaMoine F. DeVries (2006). Cities of the Biblical World: An Introduction to the Archaeology, Geography, and History of Biblical Sites. s. 27. 
  4. «The destruction of the idols: Syria’s patrimony at risk from extremists». The Independent. 2014. Henta 7 December 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oldtidsbyen Mari
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.