Ole Andreas Furu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Andreas Furu
Ole Furu 10084-011.jpg
Fødd26. desember 1841
Trondheim
Død28. november 1925
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat, banksjef

Ole Andreas Furu (26. desember 184128. november 1925) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og statsråd, fødd i Trondheim.

Far til Furu var gardbrukar i Sunndal. Sjølv arbeidde han i fire år på kontoret til sorenskrivaren i Nordmøre. I 1864 vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania og så cand. jur. i 1867. Same året vart han fullmektig hos sorenskrivaren i Nordmøre, året etter byrja han som sakførar i Kristiansund. Administrerande direktør i Kristiansunds Kreditbank 1875-89. Han var med i bystyret frå 1875 til 1889, i fleire år ordførar.

Furu representerte Kristiansund på Stortinget i to valperiodar, høvesvis frå 1880 og frå 1886. Siste gongen vart valet underkjent, men han vart vald også ved omvalet. I 1880 var han medlem, 1881-82 sekretær av budsjettkomiteen. 1886-88 var han medlem av næringskomite nr 1. I den siste perioden representerte han den ferske partigrupperinga Høgre.

Han var 1887-89 medlem av ein kongeleg kommisjon om sildefisket, og av komiteen om mellomrikslova 1889. I 1892 var han medlem av den departementale konsulatkomiteen.

Furu var statsråd i to regjeringar. 1889-91 var han fyrst ved statsrådsavdelinga i Stockholm, deretter leia han Indredepartementet. I 1893-95 var han sjef for Finansdepartementet og i ei tid Revisjonsdepartementet, før han atter var eit par månader i Stockholm.

Frå 1895 til 1918 var Furu amtmann i Akershus. Han døydde i 1925 i Oslo. Amtmann Furus plass i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]