Ole Anunsen Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Anunsen Strøm
Fødd1. august 1863
Død24. september 1932 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ole Anunsen Strøm (1. august 186324. september 1932) var ein norsk, offiser og politikar frå Skoger i Buskerud.

Strøm var son til ein gardbrukar i Skoger. Sjølv utdanna han seg til offiser. Han tok fyrst sersjanteksamen ved Norske Jægerkorps Underofficerskole i 1883, fem år seinare tok han eksamen ved ingeniør-underoffiserskulen. Åra 1888-93 arbeidde han på kontoret til ingeniørvåpenet. Frå 1893 budde han på Hvalsmoen i Norderhov, der han hadde ymse posisjonar ved ingeniørvåpenet sin landevernsbataljon. I 1911 vart han utnemnd til kvartermeister ved sappørbataljonen. Strøm var formann for Norges underoffisersforening i 1907-08.

Strøm var medlem av heradsstyret i Norderhov frå 1898, varaordførar 1905-07, og ordførar i Norderhov i åra 1908-16 og 1923-25. Han var stortingsrepresentant for einmannskrinsen Ringerike i Buskeruds amt perioden 1910-12. Strøm representerte Venstre i kommunestyret og Frisinna VenstreStortinget. På Stortinget var han medlem i militærkomiteen.

I 1928 vart Strøm Borgardådsmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]