Ole Bernt Frøshaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Bernt Frøshaug
Fødd 9. november 1954
Yrke fotograf

Ole Bernt Frøshaug (fødd 1954) er ein norsk fotograf og filmskapar busett i Oslo.

Han har bakgrunn som samfunnsvitar, og har hovudsakleg hatt Afrika og Latin-Amerika som arbeidsområde. Frøshaug har laga eit trettitals dokumentarfilmar for TV2, NRK og BBC, med fokus på politikk, miljø og kultur. Filmen «Hvitt lerret, svart hyene» vann i 2005 Prix Essai på Unesco sin store kunstfilmfestival i Paris som årets mest nyskapande kunstfilm. Filmen «Ole Bull – Himmelstormeren» gjekk på norske kinoar i 2007 og hausta fleire internasjonale prisar. Ole Bernt Frøshaug har i ein femårsperiode leidd film-og fotoeininga i Norad/UD. I filmarbeidet har han ofte samarbeidd med Aslak Aarhus.

Saman med Svein Wilhelmsen starta han i 1998 turistkonseptet Basecamp Explorer i Kenya. Dette er eit prosjekt som reklamerer med natur- og reiseopplevingar kombinert med miljømessig ansvarleg turisme. Seinare har Basecamp òg etablert destinasjonar i India, Frankrike, Kenya og på Svalbard.

Frøshaug er knytt til biletbyrået Samfoto.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Skitne penger, Bad Money, om internasjonal korrupsjon
  • Stygg men deilig, om iguanar (med Aslak Aarhus)
  • Under en mykere himmel, frå El Salvador (med Aslak Aarhus)
  • Ole Bull - himmelstormeren (med Aslak Aarhus)
  • Hvitt lerret, svart hyene

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Regnskog (med tekst av Erik Steineger), NORAD (1991)

Multivisjonsprogram[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]