Ole Brude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Brude
Fødd 12. februar 1880
Ålesund
Død

3. november 1949
Seattle

Yrke sjøfolk
Ein av Brude sine livbåtar er utstilt på Ålesund Museum
Interiør i Brudeegget

Ole Martin Brude (fødd 12. februar 1880 i Ålesund, død 3. november 1949 i Seattle) var ein norsk sjømann og livbåtkonstruktør. Familien budde ei tid i USA medan Ole var barn. Han gjekk til sjøs då han var 16. år. Her fekk han ideen om ein overbygd livbåt. I 1902 gjekk han på Haugesund sjømannsskule, før han gjekk inn i marinen. Han utarbeidde teikningar og modell til ein kapselforma livbåt. Han skreiv og kontrakt med Aalesund mek Verksted og Slipanlæg om å bygge ein båt. Ole Brude kalla livbåten han hadde skapt for «Uræd,» med på grunn av forma og namnet på konstruktøren vart han til vanleg kalla Brudeegget.

Ole Brude ville segle livbåten frå Ålesund til New York. Han vona å kome tidsnok til å få han utstilt på verdsutstillinga i St. Louis. Sein sjøsetting og lekkasjar gjorde at reisa vart utsett. Saman med tre andre la han ut frå Ålesund 7. august 1904. Dei kom fram til Petty HarborNew Foundland 15. november. Dei ville avslutte ferda i Boston. På ferda dit vart «Uræd» kasta på land ved Glouchester i eit hardt uver. Livbåten fungerte som Brude hadde vona. Dei kom velberga frå strandinga. Han rakk ikkje verdsutstillinga.

Ole Brude reiste attende til Ålesund. Der vart hann motteken med heider. Han fortsette som sjømann til i 1925. Siste åra levde han i USA. Då han døydde i 1949 vart urna nedsett i Ålesund. Ålesund Museum steller grava.

Brude fekk ikkje oppleve at livbåtkonstruksjonen hans vart nokon suksess. Først i 1977 vart det påbode med overbygde livbåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ole M. Ellefsen: «URÆD» Ålesund Museums skrift nr 29 . 2004