Ole Bull Akademiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ole Bull Akademiet [sic] er ein norsk musikkhøgskule på Voss driven for å formidla kunnskap om norsk folkemusikk og folkedans til studentar på høgskule- og universitetsnivå. I dag har akademiet rundt 700 studentar årleg, og over 9000 studentar hadde gått på kurs på akademiet i 2003. Nær utgangen av 2009 var talet 12000. Ein av desse er folkemusikaren Rannveig Djønne.

Idéen om eit akademi kom frå Ole Bull i 1863. Han ynskte seg eit akademi som bygde på norsk folkemusikk, og ein ballett inspirert av norske bygdedansar. Idéen vart gjort til røyndom av Sigbjørn Bernhoft Osa i 1977, fyrst med kurs i slåttespel for studentar ved Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkonservatorium. Ifylgje nettsidene til akademiet, fylgjer undervisninga det gamle prinsippet frå folkemusikken: "Frå øyra til øyra, streng til streng, frå strupe til strupe".

Undervisninga er lagt opp i kurs, oftast på ei veke. Eit fast 2-årig studium for utøvarar vart etablert med Griegakademiet frå 1996, og kan leia til bachelor-grad i kombinasjon med einingar frå Universitetet i Bergen. I 2009 starta det eit bachelorstudium i tradisjonsdans saman med Rff-sentret og NTNU. Studie innan pedagogikk vert gjevne ved Høgskolen Stord/Haugesund. Akademiet samarbeider òg med musikkutdanningsinstitusjonar i Danmark, Sverige og Finland. Dessuten vert det gjeve undervisning i etnologi og musikkhistorie, og det vert halde internasjonale engelskspråklege sommarkurs.

I samarbeid med Voss Spelemannslag forvaltar akademiet Voss Folkemusikksamling. Vidare publiserer dei bøker og plater, og driv musikkverkstad. Det held Osafestivalen kvar haust, og forvaltar fondet og felesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa. Vidare eig det og driv studentheimen «Kringsjå». Kringsjå vart utbygd med administrasjonsavdeling, undervisingsrom og konsertsal i 1994, og i 2004 vart det utvida med fleire undervisingsrom, øvingsrom og kontor. Akademiet er i dag finansiert av både Kultur- og kyrkjedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Voss kommune. Rektor i 2009 er Gunnar Stubseid, som leier ein stab på sju fast tilsette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]