Ole Bull Museum Lysøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Bull Museum Lysøen

Villaen til Ole Bull. Fastlandet i bakgrunnen.
StadOs, Bjørnafjorden kommune
Kart
Lysøen
60°12′40″N 5°22′07″E / 60.211°N 5.3687111111111°E / 60.211; 5.3687111111111

Ole Bull Museum Lysøen er eit museum vigd fiolinisten og kompnisten Ole Bull og sommarheimen hans. Det ligg på Lysøen, Lysøya i Lysefjorden, i Bjørnafjorden kommune, nokre få kilometer sør for kommunegrensa mot Bergen. Det høyrer inn under kunstmuseet KODE i Bergen.

Musikkhallen.

Museet femner om sommarvillaen til Ole Bull, med ein bustad for tenestefolket og eit uthus som no hyser ein liten kafé, dessutan eit gardstun frå 1600-talet, sjølve øya og parken som Ole Bull fekk laga til på øya. Alle bygningane ligg på austida av øya, det vil seie den sida som vender mot fastlandet, der det òg er kai for ei passasjerferje mellom øya og fastlandet. Attmed kaia ligg gardstunet frå 1600-talet, som vert kalla Gamletunet.

Sommarvillaen til Ole Bull på Lysøen vart bygd i åra 1872-1873, og er reist i tre.[1] Villaen er noko heilt for seg sjølv i norsk arkitektursoge, med eit tårn med laukkuppel på toppen, eksotisk ornamentering i eksteriøret og innandørs i ein høglofta musikkhall, alt skore sirleg ut i norsk furu. Dette «vesle Alhambra» (etter Alhambra i Spania) som Ole Bull kalla villaen sin, er rekna som eit av høgdepunkta i arkitekturstilen historismen i Noreg. Villaen står fram som eit lyseblått eventyrslott, både sett frå fastlandet og på nærme hald.

Villaen er open for omvisingar, og publikum får då sjå stovene i underetasjen, musikkhallen, Ole Bulls soverom og anegalleriet. Men parken og naturen på øya er òg noko for seg sjølv, med tretten kilometer med turstigar dekte med skjelsand. Her er lysthus, og på det høgste punktet på øya, 76 meter over havet, står det eit utsynstårn som vart reist til minne om Ole Bull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «..Ole Bull Museum Lysøen | Lysøen...», lysoen.no, arkivert frå originalen 28. januar 2021, henta 2. mars 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]