Ole Christensen Rømer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Rømer
Ole Rømer (Coning painting).jpg
Ole Rømer måla av Jacob Coning kring 1700
Fødd 25. september 1644(1644-09-25)
Århus
Død 19. september 1710 (65 år)
København
Nasjonalitet Danish
Område Astronomi
Yrke astronom, fysikar, vitskapsfolk, universitetslærar, dommar
Institusjonar Københavns Universitet
Alma mater Københavns Universitet
Kjend for lysfarten
Medlem Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Signatur

Ole Olaus Christensen Rømer (25. september 164419. september 1710) var ein dansk astronom, fysikar og teknikar.

Rømer reiste i 1671 til Paris der han var i ti år som medlem av Akademiet og astronom ved Paris-observatoriet. Han påviste i 1676 at lyset har ein endeleg snøggleik. I 1676 vart han professor i matematikk i København, ei stilling han starta i 1681, og i 1705 vart han politi- og borgarmeister i byen.

I Paris brukte han den forseinkinga han observerte ved solformørkingane på Jupiter sin månader når dei var på veg bort frå Jorda i forhold til når dei var på veg mot Jorda, til å rekne ut lysfarten. Observasjonane gjorde han i 1672, og i 1676 rekna han ut lysfarten til å vere 227 000 km/s, eit avvik på om lag 24 % frå det som er korrekt (300 000 km/s).

Rundetårn i København der Rømer gjorde observasjonane sine. Tårnet vart på midten av 1800-talet flytta til den noverande plasseringa.

Rømer gjennomførte mange praktisk-tekniske reformer, mellom anna når det gjeldt måleeiningar, og han introduserte det første nasjonale systemet for vekt og mål, og innførte det nye fotsystemet som vart innført i Danmark-Noreg, eit system han baserte på eit gjennomsnitt av rhinsk fot. Det viste seg derimot at Rømer sine utrekningar av rhinsk fot var feil, slik at foten måtte omdefinerast i 1698. I 1700 fekk Rømer kongen til å innføre den gregorianske kalenderen i Danmark-Noreg.

Rømer utvikla i 1701 ein av dei første temperaturskalaene, Rømerskalaen. Fahrenheit vitja han i 1708 og utbetra skalaen og resultatet vart Fahrenheit-skalaen som framleis er i bruk i somme land i dag.

Som borgarmeister innførte Rømer gatelamper (oljelamper) i København og arbeidde hardt for å kontrollere tiggarar, fattige, arbeidsløyse og prostituerte i København.

Han fann opp meridiansirkelen. Dei verdifulle handskrivne meridianobservasjonane hans gjekk tapt i ein bybrann i København i 1728, og berre observasjonane hans frå 21.–23. september 1706, kalla Tredagers arbeide (eller Triduum), er bevart.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ole Christensen Rømer