Ole Christian Kvarme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Christian Kvarme

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1948 (75 år)
Molde kommune
Yrke prest, omsetjar
Verv Biskop i Borg
Periode 1998-2005
Føregangar Even Fougner
Etterfylgjar Kari Veiteberg
Verv Biskop i Oslo
Periode 2005-2017
Føregangar Gunnar Stålsett
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ole Christian Kvarme på Commons

Ole Christian Mælen Kvarme (fødd 11. november 1948) er ein norsk geistleg som har vore domprost i Oslo domkyrkje og biskop i Borg bispedømme og Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kvarme voks opp i Trondheim. Han tok teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. derfrå i 1974. Han har også det praktisk-teologiske seminaret frå same lærestad. Kvarme har også hebraisk mellomfag frå Universitetet i Oslo (1970), og studiar i rabbinisme og judaistikk frå Göttingen i Tyskland og Jerusalem i 1975 og 1976.

Han vart ordinert til misjonsprestteneste i Bodø i 1975.

Kvarme var vitskapeleg assistent ved Menighetsfakultetet 1972-74, og arbeidde som bibelomsetjar ved Det Norske Bibelselskap i 1973. I 1975 var han vernepliktig feltprest.

Han var misjonsprest for Den Norske Israelsmisjon 1976-81, med bustad i Haifa i Israel. Samtidig var han eksekutivsekretær for Bibelselskapet i Israel og for Bibelselskapet på Vestbreidda - for dei sameinte bibelselskapa. Deretter styrar for Caspari Center for bibelske og jødiske studier, 1982-86, og generalsekretær i Det Norske Bibelselskap, 1986-96.

Mellom 1996 og 1998 var han domprost i Oslo domkyrkje. I 1998 vart han så utnemnd til biskop av Borg, ei stilling han hadde fram til han, 11. mars 2005, vart biskop av Oslo og flytta inn i Prestegården på Blindern, biskopbustaden i Oslo. Kvarme gjekk av som biskop i Oslo 30. september 2017.[1]

Diskusjon før utnemninga til biskop i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Det har vore sterk debatt rundt nokre av Kvarme sine standpunkt og uttalingar om homofile prestar, der Kvarme hadde stadfesta at han sjølv ikkje ønskte å innsetje eller ordinere prestar som lever i homofilt partnarskap.[2]

Under ein lang nominasjons- og avstemmingsprosess til bispestolen i Oslo vart Kvarme sin lojalitet til eit vedtak frå den norske kyrkja sitt øvste organ, kyrkjemøtet frå 1997, framheva som eit problem av motstandarar av kandidaturet hans. Den avtroppande biskopen, Gunnar Stålsett, hadde i ord og handling fristilt seg frå dette vedtaket, mellom anna ved å tilsetje prestar som levde i homofilt samliv og ved å presteordinere kandidatar som levde i slike samband, og dette hadde vorte vel teke imot, mellom anna i sentrale politiske krinsar i hovudstaden. Dei to eller tre andre kandidatane som regjeringa hadde til utval ved avslutninga av rådgjevingsprosessen, hadde gjeve til kjenne ei haldning som likna på Stålsett si. Kvarme vert omtala som ein moderat konservativ. 11. mars 2005 vart han utnemnd til stillinga biskop i Oslo av Kongen i statsråd. To av statsrådane stemde imot utnemninga.

Tillitsverv[endre | endre wikiteksten]

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]