Ole Christophersen Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Christophersen Blom
Fødd 21. juni 1784
Kviteseid
Død

25. mai 1845
Kviteseid

Ole Christophersen Blom (21. juni 178425. mai 1845) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Kviteseid i Telemark. Christopher Olsen Blom var sonen hans.

Han var son til ein gardbrukar. Etter han hadde fått privatundervisning heime, gjekk han ei tid navigasjonsskule i Skien. I 1802 var han understyrmann, sidan var han forvaltar av Vråliosen sagbruk til 1817. Han tok i 1817 over farsgarden Nese i Kviteseid.

Blom var medlem av forlikskommisjonen frå 1817. Alleireie året etter vart han avsett av amtmannen, innattsett etter høgsterettsdom i 1820. Også medhjelpar åt presten i Kviteseid.

Blom representerte Bratsbergs amtStortinget 1821, 1822 og 1824. I 1821 var han medlem av tolv komitear, mellom dei valkomiteen, komiteen om bank- og pengestellet, om utskiftingslova og om korntoll. År 1824 var han medlem av komiteen om berg- og skogvesenet. Både i 1830 og 1839 var han 1. varamann til Stortinget. Blom var den første ordføraren i Kviteseid frå 1837 til 1841.

Han døydde på garden sin i Kviteseid i 1845.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]