Ole Edvart Rølvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Edvart Rølvaag
Fødd 22. april 1876
Dønna
Død

5. november 1931
Northfield

Ole Edvart Rølvaag (22. april 18765. november 1931) var ein norsk-amerikansk fiskar, kulturideolog, forfattar, og frå 1906 professor i norsk ved St. Olaf College i Northfield i Minnesota i Sambandsstatane. Han var kjent for sitt forfattarskap tufta på immigrantrøynsle. Han var gift med læraren Marie Berdahl frå Garrison og dei var foreldre til Karl Rolvaag, som blei guvernør i Minnesota og USA sin ambassadørIsland.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rølvaag var fødd på Dønna og var fiskar dei første åra, allereie som 14-åring slutta han seg til far sin og brørne på Lofotfisket. Han starta eit akademiske livslaup i Kristiania før han utvandra til Sambandsstatane i 1896 og busette seg i Union County i Nord-Dakota. I dei to første åra arbeidde han som gardsarbeidar til han starta på studiar ved Augustana Academy i Canton i Sør-Dakota.

Han fekk bachelorgraden ved St. Olaf College i Minnesota i 1905 og ein mastergrad ved same institusjon i 1910. Han arbeidde som professor i norsk frå 1906 og leiar av den norske avdelinga frå 1916 til han døydde i 1931.

Rølvaag var mykje opptatt av kulturdebattar, særskilt rundt innvandring og integrasjon av innvandrarar. Han meinte at det amerikanske samfunnet hadde bruk for verdiar og kraft som norske innvandrarar bar med seg, at nordmenn måtte ta vare på sin eigen kultur, levemåten og språket. Han var soleis motstandar av synet om at innvandrarar måtte integrerast snarast råd. Spesielt under første verdskrig var den amerikanske nasjonalisme sterk og synet på verdien om å ta vare på etniske særdrag var vanskeleg å selje.

Rølvaag var eit organisasjonsmenneske, han tok initiativ til å skipe «Nordlandslaget af Amerika og Kanada». Laget blei kjent for mykje slags arbeid, mellom anna det litterære tidsskriftet «Nord-Norge» som var rekna som eit av dei beste bygdelagstidsskrift i Sambandsstatane. Rølvaag sat i styret både for laget og tidsskriftet og var leiar av laget frå 1918 til 1922.

Eit uttal unge talentfulle norske immigrantar kom til St. Olaf College, tiltrekte av Rølvaag, blant dei Einar Haugen. Rølvaag fekk St. Olavs Orden i 1926. Han har gjeve namn til «Rolvaag-biblioteket» ved St. Olaf. Påverknaden frå Rølvaag gjekk langt ut over hans eigen generasjon av immigrantar, så seint som i 1964 var det venta alle nye studentar ved St. Olaf skulle lese og diskutere Giants in the Earth.

Hytta der Rølvaag skreiv Giants in the Earth står på campus i Augustana College i Sioux Falls i Sør-Dakota.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet åt Rølvaag var først og fremst fokusert på levesettet i Dakota i 1870-åra og spesielt blant dei norske immigrantane. Den mest omtykte boka hans er Giants in the Earth, ho er ein del av ein trilogi basert på røynsler som nybyggjar. Desse romanane handsamar liv og styrkjeprøvar blant norske pionerar i Midtvesten, med vekt på strid mot snøstorm, grashopper, armod og hunger. Kan hende meir viktig, han skildrar på eit fengslande vis prøvingar i einsemd, skilnad frå familie og lengsle etter det gamle landet så vel som vanskane med å passe inn i ein ny kultur med gnissingar i forhold til dei menneska som hadde vakse opp i landet.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Amerika-breve, roman (1912)
  • Paa glemte veie, roman (1914)
  • To Tullinger: Et Billede frå idag, roman (1920)
  • Længselens baat, roman (1921)
  • Omkring Fædrearven , debattbok(1922)
  • I de dage, roman (1924)
  • Riket grundlægges, roman (1925)

Trilogi:

  • Giants in the Earth (kombinasjon av I de Dage og Riket Grundlægges (1927)) ISBN 0-06-093193-0
  • Peder Seier, roman (1928)
  • Den signede dag, roman (1931)

Siste utgjeving:

  • Pure Gold, (revidert og omsett versjon av romanen To Tullinger ) (1932)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]