Ole Eidem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Eidem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1865
Kristiansund kommune
Død

12. november 1911 (46 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre, Samlingspartiet

Ole Thorenius Eidem (12. mars 186512. november 1911) var ein norsk offiser, forfattar og stortingsmann frå Kristiansund.

Eidem var son av ein kjøpmann i Kristiansund. Han studerte artilleri i Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og England, på seinare utanlandsreiser studerte han bruken av elektrisitet og torpedo. I 1890 vart han premierløytnant og gjekk dei neste tre åra på den militære høgskulen. 1894-97 var han sjef for Oscarsborgs mineforsvar. Utnemnd til kaptein 1897 og var nokre år lærar ved sjøkrigsskulen. Frå 1901 var han minedirektør. Frå 1907 med rang av kommandørkaptein. Han var formann i marinen sin minekommisjon og medlem av regulerings- og verftskommisjonen. Perioden 1902-10 var han redaktør av marinen sitt tidsskrift, og han var medforfattar av Vor sjømagts historie.

Eidem hadde sete på Stortinget i to periodar. 1906-09 representerte han Jarlsberg krins, og 1910-12 Horten krins. Begge krinsane var einmannskrinsar, likt alle valkrinsar til Stortinget den gongen. Han vart fyrste gongen vald for koalisjonen Samlingspartiet, siste gongen for Høgre. I den siste perioden møtte han einast 1910-sesjonen. Han var heile si stortingstid medlem av militærkomiteen, sekretær i 1910. I 1910 også medlem av Lagtinget.

Han døydde i 1911 i Horten, der han budde størstedelen av sitt vaksne liv.

EidembreenSpitsbergen er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914