Ole Erichsen
Ole Erichsen | |||
![]() | |||
Fødd | 28. oktober 1863 | ||
---|---|---|---|
Død | 19. november 1949 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ole Erichsen (28. oktober 1863–19. november 1949) var ein norsk konditor, fabrikkeigar og politikar for Høgre frå Trondheim.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Erichsen tok eksamen ved kjemilinja ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1881. Han arbeidde deretter som konditor i faren sitt konditori i Trondheim, åra 1884-86 gjekk han i konditorlære og arbeidde på ein sjokoladefabrikk i Düsseldorf. I 1886 tok han over Erichsens konditori i Trondheim og E. Erichsens Dampchokolade- & Sukkervarefabrik etter faren Ernst Erichsen, og drev familiefirma fram til sonen Odd Erichsen tok styringa i 1920. Ole Erichsen var delaktig i oppstartinga av hermetikkfabrikken Trondhjem Preserving Co., Trondhjems Aktiebryggeri A/S og Nidar Chokoladefabrik A/S, og var styreformann i fleire industrielle foretak.
Erichsen var medlem av Trondheim bystyre frå 1897 til 1922, og var varaordførar 1911–1912. Elles var han styremedlem i Den Norske Fællesforening for Haandværk og Industri frå 1898, medlem av arbeidsutvalet i Norsk Arbeidsgiverforening, formann i Trondhjems Håndverks- og Industriforening i 12 år, medlem av Norges Husflidsråd 1910-25, formann i Norske Konditorers Landsforening frå 1917.
Dei to stortingsperiodane 1906-09 og 1913-15 representerte Erichsen valkrinsen «Bratøren og Ihlen» på Stortinget. I fyrste perioden, då han hadde sete i næringskomite nr 2, vart han vald på programmet til Samlingspartiet, i den andre perioden møtte han for partiet Høgre og var medlem av justiskomite nr 2 og av tollkomiteen.
Han var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1947 og riddar av Dannebrogordenen, og vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Denne artikkelen bygger på «Ole Erichsen» frå Wikipedia på bokmål, den 1. desember 2013.