Hopp til innhald

Ole Falck Ebbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Falck Ebbell

StatsborgarskapNoreg
Fødd13. september 1839
Christiania
Død

29. juni 1919 (79 år)

Yrkearkitekt
Språknorsk
Ole Falck Ebbell på Commons

Ole Falck Ebbell (13. september 183929. juni 1919) var ein norsk arkitekt.

Ebbell var fødd i Christiania som son av juristen og den seinare rådmannen Ole Falck Ebbell. Han studerte bygningskunst i Tyskland og Sveits og hadde fleire års virke i Christiania før han kom til Trondhjem. Blant anna medverka han som assistent ved bygginga av Stortingsbygningen i 1861.

I 1867 kom Ole Falck Ebbell til Trondhjem. Han vart lærer i mekanikk og bygningskunst ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt (forløparen til NTH) i 1871, 32 år gammal, og i 1891 vart han overlærar i bygningskunst og leiar for arkitektavdelinga. Ebbell var samfunnsengasjert og medlem av formannskapet i Trondhjem i tillegg til å ha mange offentlege og private verv. Han var medlem av kommisjonen for restaureringa av Nidarosdomen 1882-1894.

Arkitekt Ebbells veg i Trondheim er oppkalla etter han.

Nokre av bygningane teikna av Ole Falck Ebbel:

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ole Falck Ebbell