Ole Fossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Fossum
Fødd3. mai 1834
Død19. april 1910
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Ole Nilssen Fossum (3. mai 183419. april 1910) var ein underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker. Han representerte Venstre.

Fossum var son til ein gardbrukar. Han tok sersjanteksamen og avanserte til furer, stod i militær teneste frå 1856 til -66. Frå 1858 til 1889 var han gardbrukar. Etter 1887 var han vaktmeister ved Hokksund distriktsfengsel. Elles var han fattigforstandar i Øvre Eiker i tolv år og forlikskommissær i mange år.

Fossum var 4. representant frå Buskeruds amtStortinget 1892-94. Han var medlem av Lagtinget, 1892-93 av justiskomiteen og 1894 av sosialkomiteen. I 1892 var han permittert frå 25. juli.

Han døydde i Drammen i 1910.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914