Ole Gabriel Ueland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Gabriel Ueland
Ole Gabriel Ueland, Larvik Museum, HL.06777-W.jpg
Fødd 28. oktober 1799
Lund
Død

9. januar 1870
Oslo

Ole Gabriel Ueland på Commons

Ole Gabriel Ueland (28. oktober 17999. januar 1870) var ein norsk politikar og stortingsrepresentant. Ueland kom frå låge samfunnslag, men arbeidde seg fram til å verta ein leiande politikar. Han vert rekna som sentral i å folkeleggjera politikk i Noreg. Han bana vegen for at òg personar frå fattige kår kunne oppnå politiske posisjonar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ueland vart fødd som Ole Gabriel Gabrielsen Skaaland, den nest eldste av fie sysken, i ein bondefamilie på garden Skåland i Lund sokn i Dalane. Han lærte å lesa av mora, og gjekk to veker på ein skule tre mil vekke, men det var ingen skular i nærleiken, og få bøker. Han las interessert i det han fekk tak i, og synte ei evne til læring og lesing. Sytten år gamal vart han spurd om å undervisa borna i området, og hadde denne stillinga fram til 1825.

I 1825 gifta Ole Gabriel seg med odelsjenta Marthe Gurie Osmundsdatter Ueland, flytta til garden Ueland og tok gardnamnet som etternamn. Han vart kyrkjeklokkar og omgangsskulelærar i Heskestad i Lund kommune. Ole Gabriel Ueland hadde tiltru i distriktet, og fekk fleire kommunale verv. Han var mellom anna ordførar og lensmann i Heskestad.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1833 vart Ueland vald til Stortinget, der han sat som representant fram til 1869. Han vart leiar for bonderørsla innan politikk og fekk respekt for sitt politiske syn. I 1859 danna han saman med Johan Sverdrup den politiske samanslutninga Reformforeningen. Foreninga vart utgjort av stortingsrepresentantar i særleg grad gjekk inn for demokratiske reformer.

Ole Gabriel Ueland var far til Gabriel Olsson Ueland og Jonas Ueland, og farfar til journalisten og kvinnesaksforkjemparen Brenda Ueland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]