Ole Gillebo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Gillebo
Fødd16. desember 1858
Øyer
Død4. februar 1936 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Ole Torgersen Gillebo (16. desember 18584. februar 1936) var ein norsk bonde og ordførar frå Øyer i Oppland som var stortingsrepresentant for Venstre.

I yngre år gjekk Gillebo eit kurs på amtsskulen. Han dreiv så farsgarden frå 1884, var kommunestyremedlem frå 1887 og ordførar i Øyer frå 1896. Mellom mange kommunale verv var han formann i skulestyret. Kasserar i den lokale sparebanken frå 1894.

Han var 1898-1904 medlem av amtsskulestyret og 1902-10 av tilsynskomiteen for Hamar-Ottabanen. Styremedlem i Noregs Bank si avdeling Lillehammer frå 1903 til 1935.

Gillebo var vararepresentant til Stortinget 1895-97 og 1898-1900. Perioden 1904-06 representerte han amtet og partiet Venstre på Stortinget som i 1905 løyste opp unionen mellom Noreg og Sverige. For sitt bidrag i så måte vart han tildelt Medaljen for borgardåd, 7. juni-medaljen og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–30. Han hadde i stortingsperioden sete i gasje- og pensjonskomiteen.

Sonen, norskamerikanaren I.O. Gillebo ,laga ei klubbe som i 1949 vart gitt som gåve til Stortingspresidenten, og som framleis er i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]