Ole Gjerdrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Gjerdrum
Christian Olsen - Portrett av Foged Ole Gjerdrum - Oslo Museum - OMu.k00072.jpg
Fødd22. april 1785
Stange
Død29. januar 1858
NasjonalitetNoreg
Yrkejurist, forretningsdrivande, politibetjent
BarnOtto Gjerdrum, Carl Ferdinand Gjerdrum, Jørgen Gjerdrum

Ole Eliassøn Gjerdrum (22. april 178529. januar 1858) var ein norsk jurist, embetsmann og forretningsmann. Han var i København 1811-1814 og tok der mellom anna juridisk eksamen. Han vart byråsjef i Finansdepartementet frå 1817, politimester i Christiania frå 1823 og fut i Aker og Follo frå 1831. Han skipa saman med mellom anna Adam Hiorth Nydalens Compagnie.[1] Gjerdrum var gift med Mette Alette Krohn, dotter av offiseren Johan Jørgen Krohn. Sonen Jørgen Gjerdrum var ein foregangsmann i norsk forsikring mellom anna som leiar av Storebrand og Idun.

Som politimester var han innblanda i det såkalla Torgslaget i 1829.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]