Ole Guldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Guldal
Fødd 29. april 1852
Død 15. juli 1922

Ole Jensson Guldal (29. april 185215. juli 1922) var ein norsk lærar og politikar frå Røros i Sør-Trøndelag. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i perioden 1910-12.

Guldal var son til ein arbeidar på Røros-verket. Sjølv vart han seminarist frå Klæbu i 1871. Fram til 1883 var han lærar i landsokna i Røros herad, sidan tilsett ved folkeskulen på sjølve Røros. Frå 1909 var han styrar av skulen.

Guldal var medlem i heradsstyret i Røros frå 1897. I 1905 vart han vald til varaordførar i heradet. Han hadde elles fleire andre offentlege verv, og var forlikskommissær frå 1905. Hausten 1909 vart han vald til å representere einmannskrinsen Gauldal på Stortinget. Treårsbolken 1910-12 var han medlem i Lagtinget og i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]