Ole Høstmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Høstmark
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. november 1867
Fræna kommune
Død

9. juli 1931 (63 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Ole Beyer Høstmark (29. november 18679. juli 1931) var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann frå Fræna.

Ole Høstmark var fødd på Haukåsfeten i Fræna. Far hans var landhandlar og skipsførar i Fræna; han utvandra seinare til USA og døydde der. Sjølv vart Høstmark student frå Molde skole i 1885 og vart offiser i 1889. Han vart utnemnd til premierløytnant same året og kaptein i 1898. Han budde frå 1890 til -95 i Levanger og Innherad. Frå 1895 til 1910 var han gardbrukar på Oppdal i Bolsøy. Han selde då garden til Romsdals amt, som oppretta sinnssjukeasylet Opdøl sjukehus.

Høstmark var medlem av Bolsøy heradsstyre i fleire år. Han representerte einmannskrinsen RomsdalStortinget periodane 1906-09 og 1910-12, vald for Venstre. I begge valbolkane var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914