Ole H. Langhammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole H. Langhammer

Fødd27. november 1868
Kvam kommune
Død17. september 1955 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Ole Henriksson Langhammer (27. november 186817. september 1955) var ein gardbrukar og politikar frå Kvam i Nord-Trøndelag. Han representerte BondepartietStortinget frå 1925 til 1933. Ole Five var morbror hans.

Langhammer var son til ein gardbrukar i Kvam. Knapt 20 år gammal tok han over farsgarden då faren døydde. Etter å ha gått morbroren sin amtsskole var Langhammer elev ved Mære landbruksskole, deretter gjekk han Underoffisersskolen for kavaleriet og Kavaleriets rideskole i Kristiania. Mellom 1890 og 1904 gjorde han også teneste som sersjant.

Langhammer var medlem av Kvam heradsstyre i mange år, ordførar 1909-10 og 1914-25, samt ei tid leiar i Nord-Trøndelag fylkesting. Han var i 1923 med på å stifte Norges Herredsforbund, formann for forbundet i 1945-46.

Etter å ha vore vararepresentant i tingbolken 1922-24, vart Langhammer hausten 1924 vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag for Bondepartiet. Han hadde fast plass på Tinget i periodane 1925-27, 1928-30 og 1931-33. I den fyrste tingperioden var han medlem av kyrkje- og undervisningskomitéen, i den andre sekretær i vegkomitéen og i den tredje medlem av militærkomitéen. Stortingsperioden 1934-36 var han vararepresentant, møtte i staden for Ivar Kirkeby-Garstad i mai-juni 1935.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi Arkivert 2015-11-19 ved Wayback Machine.