Ole Hakkelberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Hakkelberg
Fødd1878
Død1950 (72 år)
Verka sommusikar

Ole Hakkelberg (18781950) var ein norsk spelemann frå Svene i Flesberg kommune.

Hakkelberg budde det meste av livet på Kongsberg der han var i arbeid ved Kongsberg Våpenfabrikk. I sine beste år var han ein av dei sterkaste arbeidarane der.

Ole Hakkelberg var lærenem, og samla slåttar der han kom. I Numedalstradisjon hadde han først og fremst lært av Hellik Rud, Narve Hytta og Gullik Sandbek. I tillegg til dette, hadde han lært mange slåttar av Lars Fykerud frå Sauherad og Tor Grimsgard frå Nes. Olav Sataslåtten fekk og mykje spel frå Hakkelbergen den tid han gjekk skreddarlærling på Kongsberg.

Ingolf Sunde skreiv ned slåttar etter Ole Hakkelberg, og mellom dei som fekk slåttar av han, kan ein nemne Hellik Juveli og Olav K. Bratås.

Ole Hakkelberg var og trommeslagar.