Ole Henningsen Holtan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Henningsen Holtan
Fødd 14. august 1805
Botne
Død

24. juli 1861
Botne

Yrke bonde, politikar

Ole Henningsen Holtan (14. august 180524. juli 1861) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Botne i Vestfold.

Holtan var son til ein gardbrukar i Botne. Han vart sjølv gardbrukar i Botne og frå 1850 også lensmann og elles forlikskommissær. Holtan var stortingsmann for Jarlsberg og Larvik amt 1845-51 og 1859-60. På alle tingsamlingane 1845, 1848, 1851 og 1859-60 var han medlem av budsjettkomiteen, i 1859-60 også av Lagtinget.

Holtan døydde på garden Grønmark i Botne i 1861.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]