Ole I. Langeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole I. Langeland
Fødd2. august 1845
Død13. juni 1917 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Ole Ingebrigtsson Langeland (2. august 184513. juni 1917) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå SunnylvenSunnmøre.

Han var frå garden Langeland i Sunnylven. I 1866 gjekk han landbruksskulen i amtet. Frå 1877 tok han over og dreiv farsgarden. Same året som han tok over garden vart han leiar for den lokale sparebanken. Også leiar i Søndmør dampskipsselskap, samt styrar av ei lokal assuranseforeining.

Langeland var stortingsmann samanhengande frå 1886 til 1912. Fram til 1906 innvald for Romsdals amt, dei to siste periodane han vart vald kom han inn for Nordre Sunnmør krins. Han sat ofte i næringskomite nr 1 eller 2, i valkomiteen eller i fullmaktskomiteen. 1900-03 var han formann i næringskomite nr 1, og i den kombinerte næringskomite nr. 1 og sosialkomiteen. 1906-09 var han medlem av jarnbanekomiteen, formann 1908-09. 1910-12 nestformann i same komite. Han var medlem av Venstre. I 1891 var han medlem av kommisjonen som arbeidde med sivilprosesslova.

Langeland døydde på garden i Sunnylven i 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914