Ole Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Jørgensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. november 1897
Vennesla kommune
Død

5. juli 1966 (68 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Ole Jørgensen (13. november 18975. juli 1966) var ein tenestemann og politikar frå Vennesla i Vest-Agder. Han var stortingsrepresentant frå Vest-Agder og for Arbeidarpartiet i 1954-65.

Ole Jørgensen var son til ein fabrikkarbeidar og småbrukar. Han gjekk Søgne landbruksskule 1916-18, og arbeidde dei neste ni åra på gard, anlegg og med vegbyggjing. I 1927 fekk han jobben som forretningsførar i Vennesla herad, noko seinare vart han trygdesjef i kommunen. Han var formann Trygdekasselaget for Vest-Agder i åra 1935-55.

Jørgensen var medlem i Øvrebø heradsstyre 1924-25. Frå 1928 til 1959 var han så med i heradsstyret i Vennesla, ordførar i tida frå 1945 til -55. I tillegg til å vere medlem i heradsstyret, var han formann 1928-40 i arbeidstilsynet, 1929-35 i jordstyret, 1929-34 i arbeidsløysenemnda og 1931-35 i skulestyret.

Ved stortingsvalet hausten 1953 vart Jørgensen vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Vest-Agder, attvald 1957 og 1961. På Stortinget var han medlem i Administrasjonskomiteen 1954-57, Samferdslekomiteen 27.1.-8.10.1958 og sidan i Kyrkje- og undervisningskomiteen til han forlet tinget i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]