Ole Jakobsen Nordby
Utsjånad
| Ole Jakobsen Nordby | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1782 Ås i Akershus |
| Død |
23. april 1824 (42 år) |
| Yrke | bonde, politikar |
| Språk | norsk |
Ole Jakobsen Nordby (1782–23. april 1824) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ås i Akershus.
Nordby var gardbrukar på farsgarden i Ås. Han var 2. representant frå Akershus amt på Stortinget i 1818. Han var medlem av fem komitear, mellom dei om husmannsvesenet og om skysslova.
Han døydde på garden sin i Ås i 1824.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak (1914). «Nordbye, Ole Jacobsen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: [Steen'ske bogtrykkeri]. s. 645.
- Biografisk informasjon om Ole Jakobsen Nordby ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør