Ole Jensen Rong d.y.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Jensen Rong d.y.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. november 1885
Død

18. juli 1953 (67 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Ole Jensen Rong (26. november 188518. juli 1953) var ein norsk småbrukar og fiskar frå Herdla i Hordaland som var stortingsrepresentant 1945-53 for Arbeidarpartiet.

Rong var son til til gardbrukar og fiskar, ein yrkeskombinasjon han sjølv seinare hadde. I åra frå 1921 til 1935, og på ny 1943-45, var han vintermånadene oppsynsmann i fiskeria. Sesongen 1927 var han tilsett i Store Norske kullkompani si gruvedrift på Svalbard.

Rong var medlem i Herdla heradsstyre frå 1928 til 1947, med unnatak for krigsåra. Han var elles styremedlem i Lånekassa for fiskere 1939-42 og 1945-1953, den siste åtteårsperioden også styremedlem i Fiskeribanken.

Hausten 1945 vart Rong vald til stortingsrepresentant frå Hordaland, attvald i 1949. På Stortinget var han den fyrste valperioden medlem i Protokollkomiteen, frå 1950 hadde han plass i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Eit knapt halvår før den andre valbolken var over, døydde Rong og Knut J. Vik rykte inn på Stortinget i staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]