Ole Johs. Brunæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ole Johannes Brunæs)
Ole Johs. Brunæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1936
Göteborg
Død

24. februar 2019 (83 år)
Sandefjord kommune

Yrke politikar, ingeniør, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Ole Johannes Brunæs (fødd 4. februar 1936 på Brunæs, død 24. februar 2019 i Sandefjord) var ein norsk industrileiar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold og for partiet Høgre tida 1989 til 2001.

Brunæs voks opp i Oslo, då far hans var president i Norges Industriforbund. Han gjekk ut av befalsskulen i 1957 og utdanna seg deretter til sivilingeniør i skipsmaskinteknikk ved Noregs tekniske høgskole (NTH) i Trondheim. Etter eit par år ved Nakskov Skibsværft i Danmark fekk han ei konstruktør-stilling ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord. Frå 1973 var han teknisk direktør i firmaet. I 1986 gjekk Brunæs over til å vere administrerande direktør i eigarselskapet Framnæs Industriutvikling. Deretter var han 1988-89 øvste sjef i ingeniørfirmaet Keftech i Tønsberg. Han var elles ei tid formann i Norske sivilingeniørers forening.

Brunæs engasjerte seg politisk i Høgre og var perioden 1980-83 bystyremedlem i Sandefjord. Hausten 1989 vart han vald inn på Vestfold-benken i Stortinget, og sidan attvald to gongar. Han var då medlem i Sosialkomitéen til 1993, sidan i åtte år i Samferdslekomitéen, 1993–2001. I si tredje stortingsperiode var Brunæs sjukmeld i tre år fram til desember 2000, Ellen Gjerpe Hansen møtte då i staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]