Ole Jullum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Jullum
Fødd 28. september 1829
Lånke
Død

8. februar 1906
Edøya

Yrke politikar, bonde, kjøpmann, lærar, lokalhistorikar, bankdirektør

Ole Olsen Jullum (28. september 18296. februar 1906) var ein norsk lærar, kjøpmann og stortingsmann frå Leksdalen i Nord-Trøndelag.

Jullum var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Klæbu i 1851. Dei neste 13 åra var han lærar ved Kristiansunds høgare allmennskule. Sidan var han kjøpmann i byen fram til han gjekk konkurs i 1888.

Jullum var medlem av bystyret i Kristiansund frå 1867 til -88, frå 1876 sat han i formannskapet. Han var formann i Kristiansunds arbeiderforening i mange år, og medlem av komiteen som arbeidde for jarnbane gjennom Sunndalen. Jullum var mykje interessert i historie, og samla eit omfattande materiale til Nordmøre si historie.

Perioden 1883-85 var han Kristiansund sin representant på Stortinget. Han var då medlem av Lagtinget og av budsjettkomiteen, samt i 1883 av traktatkomiteen. I riksretten 1883-84 hadde han ikkje sete, då dei påklaga skaut han ut. Han var med i partiet Venstre frå det vart danna.

Jullum døydde på garden Edøy i Edøy herad, i dagens Smøla kommune, i 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]