Ole Juul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå forfattaren Ole Juul.
Ole Juul
Fødd 5. august 1852
Død

30. september 1927

Yrke kunstmålar, fotograf

Ole Juul (5. august 185230. september 1927) var ein norsk kunstmålar frå Vågan i Lofoten. Juul slo aldri gjennom som kunstmålar i levetida. Han livnærte seg som fotograf om vinteren og måla om sommaren. Seinare er Ole Juul blitt rekna som ein viktig nordnorsk målar.[1]

Ole Juul: «Kvinne på landevei», olje på lerret, 48 x 60 cm

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Juul var fødd og voks opp i Dypfjorden ved Henningsvær i Vågan. Han lærte å måla av Anders Askevold i Bergen i 1873–74,[2] samtidig som han utdanna seg som fotograf. Etter oppmoding frå fetteren Eilert Adelsteen Normann valde Juul å satsa på ein karriere som kunstnar. I 1876 drog han til Düsseldorf og studerte målarkunst hjå Eugène Dücker,[3] som også hadde vore lærar for Normann.[1] Han blei verande her til 1882, då han var ferdig med utdanninga si. Dei økonomiske forholda var slik at det var få kunstnarar som kunne livnera seg av kunsten sin i Noreg. Juul måtte livberga seg som fotograf, og budde i mange år på Elverum. Trondhjems Kunstforening var truleg den viktigaste salskanalen hans. Frå 1877 til 1898 lodda foreininga ut måleri av Juul. I dag eig Trøndelag Kunstgalleri 12 av verka hans.[2]

Juul måla einsam i mange år. I 1915 skreiv Alf Harbitz om ham: «Endnu maler han saa flittig som nogensinde, den gamle hædersmand. Han bor ensomt, han er vænlig mot folk, men søker dem ikke.»[1]

Juul fekk eit gjennombrot i 1922, då han var 70, gjennom ei stor utstilling ved Blomqvist Kunsthandel i Oslo. Utstillinga kom til ved at Juul hadde etterlate nokre verk i Düsseldorf. Adelsten Normann hadde levert dei til ein forgyllar for å ramast inn, men dei blei tapte etter at forgyllaren gjekk konkurs og fetteren døydde. Etter 40 år kom ein nordmann tilfeldigvis over nokre av desse verka i ein forretning, og kjøpte dei.[3] Kunstkritikarane i avisen var positive til utstillingen. Dagbladet skreiv blant anna at han var «en maler av et betydelig talent».

Ingen visste då noko særleg om målaren Juul, og ein trudde han kanskje var død.[3] Han blei så oppspora på Ørland. Årsaken til at han slo seg ned der, var at horisonten eller kimingen var favorittmotivet hans som målar. Frå Beian i Ørland, hadde han utsyn til dei stadig skiftande lysverknadane der sjø og himmel møter kvarandre i Trondheimsfjorden og Grandevika.

Ole Juul er gravlagd i Kabelvåg.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Friluftsmålaren Juul laga realistiske bilde som viser korleis folk lever og verker i strandkanten. Han var medviten at han var friluftsmålar av natur, og beklaga at akademiutdanninga i Düsseldorf hadde lagt vekt på ateliermåling. Det er blitt sagt at Juuls form var den impresjonistiske skissa. Han oppfatta motiva naturalistisk, og mange bilde viser friskheit uttrykt gjennom lette, sikre og flytande strøk.

Juul er kjend for funkleade gråtonebilde med motiv frå strandkanten. Den sentrale motivkrinsen hans var stranda med naust, båtar, fiskehjellar, lune viker, lange linjer og horisont. Truleg er gråtonemåleria til Juul påverka av den nederlandske Haag-skulen som var på høgda då Juul studerte.

Kunsthistorikaren Carl W. Schnitler gav denne vurderinga av Juul i ein biografisk artikkel i 1926: «Hans utførte bilder virker nøkterne, men hans studier og skisser er overordentlig friske og bredt malt og inspirert av en levende naturfølelse. Selv om bildene viser tegn til påvirkning fra Düsseldorferskolen, så er de likevel samtidig helt personlig utviklet og av svært betydelig kvalitet.»

Måleria Strandparti, Landsbygate og Nordlandsbåt er ved Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kunstneren Ole Juul», Lofoten.com
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ole Juul». Store norske leksikon (på norsk). 23. desember 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Holager, Helen (20. februar 2017). «Ole Juul». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]