Ole K. Flem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole K. Flem
Fødd14. oktober 1871
Død30. november 1945 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Ole Rasmus Knutsson Flem (14. oktober 187130. november 1945) var ein norsk gardbrukar, fiskar og stortingsmann frå Haram. Han representerte Møre fylke og partiet VenstreStortinget i tida 1922-36.

Flem var son til ein gardbrukar og fiskar på matrikkelgarden Flem. Han dreiv sjølv fiskje frå han var 14 år gammal, frå han var 19 år som førar på eigen båt. I 1899 gifta han seg og tok over farsgarden, og heldt fram med fiskje i sesongane.

Tida 1901 til 1921 hadde Flem fast plass i formannskapet i Haram, ordførar 1913-21. Ved stortingsvalet hausten 1921 stod han på fjerdeplass på Venstre si valliste i Møre fylke, høgt nok til å kome inn på Stortinget. Med attval dei fire neste stortingsvala, vart han sitjande på Tinget til 1936. Han var medlem 1922-24 i Næringskomite nr 2, 1925-30 i Næringskomite nr 1 og 1931-36 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, nestformann i sistnemnde 1934-36.

I 1919 var Flem medlem i ei departemental nemnd om stønad til fiskeria. Han var elles styremedlem i Møre Fylkes Ruteselskap og med i nemnda om eit trafikkdepartement av 1934. Frå 1934 var han styreformann i Reassuranseinstituttet for fiskefartøy. Lokalt var han styreformann for kraftverket på Flemsøya og for alderstrygda i Haram. Han var i si tid styremedlem (direktør) både i Haram sparebank og i Aalesund og Møre Privatbank.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]