Ole Kristensen Valstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Kristensen Valstad
Fødd 11. august 1799
Fenstad
Død

22. juli 1877
Fenstad

Yrke politikar

Ole Kristensen Valstad (11. august 179922. juli 1877) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Fenstad i Akershus.

Valstad var son til ein gardbrukar og tok i si tid over farsgarden i Fenstad. Han var medlem av heradsstyret frå 1837, då han vart vald til ordførar. Valstad var ordførar i 16 år og forlikskommissær i mange år. Han var medlem av kongelege kommisjonar om husmannslova 1850, om tilhøvet mellom jurylov og grunnlova 1859, skattestellet 1861 og om embetsmenns løn 1867.

Valstad representerte Akershus amtStortinget 1836-37 og 1842-69. Han var i 1836 medlem av budsjettkomiteen og på omframstortinget 1836-37 av gasjekomiteen. Vidare var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen i 1842, 1845, 1857, 1859-69, av valkomiteen og av fullmaktskomiteen 1848-69. Han var òg innom protokollkomiteen 1848-54, reglementskomiteen 1848 og adressekomiteen 1848-51. Arbeidarkomiteen 1851, komitear om løyvingar til nøytraliteten 1854 og om fordeling av representasjonen 1857, om fengselslova same året, og komiteane om brennevinsavgifta, om statthaldarsaka 1859-60 og om den dansk-tyske krigen var alle særkomitear der Valstad tok del. Han var medlem av Lagtinget 1865-66. Vastad var medlem av Stortinget sine deputasjonar til kongekroninga i Trondheim 1860, til Eidsvoll 17. mai 1864 og til Stockholm 4. november same året.

Valstad var elles ein aktiv forfattar.

Han vart tildelt St. Olavs orden.

Valstad døydde på garden sin i Fenstad i 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]