Ole Kristian Grimnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Kristian Grimnes
Fødd4. januar 1937
NasjonalitetNoreg
Områdehistorie
Yrkehistorikar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ole Kristian Grimnes (fødd 4. januar 1937) er ein norsk historikar, fødd i Tromsø. Han har særleg forska på norsk okkupasjonshistorie 1940-45.

Grimnes avla doktoravhandlinga Et flyktningesamfunn vokser frem. Nordmenn i Sverige 1940–45 i 1969. Gjennom 1970-åra arbeidde han vidare med emne frå åra 1940 til 1945, då Noreg var okkupert av Tyskland. Han gav ut bøkene Hjemmefrontens ledelse i 1979 og Norge under okkupasjonen i 1983. I 1984 kom Overfall den fyrste boka i åttebandsverket 'Norge i Krig, eit samleverk redigert av Magne Skodvin.

Sidan skreiv han Den todelte verden, band 18 i Cappelens verdshistorie, som kom i 1986, medan den frittståande Veien inn i krigen kom året etter. I 2001 kom Sam Eyde. Den grenseløse gründer.

Grimnes har elles forska på nasjonalismen i nyare, europeisk historie. Han var tilknytt Prosjekt 1905. Dessutan har han studert korleis det norske flagget vart nytta som nasjonalt symbol i perioden frå 1814 til 1905.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]