Ole Løberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Løberg
Fødd 26. januar 1804
Død

22. november 1868

Yrke prest, politikar

Ole Nicolai Løberg (26. januar 180422. november 1868) var ein norsk prest, stortingsmann og fiskerikyndig. Han var far til Hjalmar Løberg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Løberg var fødd i Sandsvær i Buskerud. Far hans var bokhaldar ved Kongsberg sølvverk. Sjølv gjekk han på skule i Drammen og vart student i 1823, cand. theol. tre år seinare.

I 1827 vart Løberg utnemnd til sokneprest til Vikedal, og var i tillegg prost i Ryfylke frå 1837. Løberg vart 2. august 1845 suspendert frå embetet, og vart i prosteretten i oktober same år frådømt embetet. Domen vart stadfesta i Kristiania konsistorialrett.

Løberg var representant frå Stavanger amtStortinget 1839, 1842 og 1845. I 1839 var han medlem av næringskomite nr 1, 1842 av næringskomite nr 2 og om skysslova. Atter medlem av næringskomite nr 1 i 1845, og komiteen om trontalen. 30. juli 1845 fekk han 2-3 vekers permisjon frå stortinget, 12. august vedtok fullmaktskomiteen samrøystes å nekte han å møte i stortinget.

Etter han mista presteembetet budde Løberg på garden Solheim ved Bergen. Han dreiv då med studiar av særleg fiskerihistorie, men også økonomi. Ved fleire høve fekk han reisemidlar frå det offentlege, i 1866 reiste han til Finnmark for å verte kjend med fiskeria der. Same året deltok han med sine skrifter på ei fiskeriutstilling i Boulogne-sur-Mer i Frankrike. Han var i sine seinare år busett på Veblungsnes i Romsdal, og døydde der i 1868.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Norges Fiskerier, 1864
  • Ellevte ordentlige Storting, en samling Karakterskildringer. Skriven saman med Nils Nilssen Dahl, utgjeven anonymt. 1845

Kjelder[endre | endre wikiteksten]