Ole Laake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Laake
Fødd 13. november 1862
Ullensaker
Død

22. mai 1927

Ole Kristian Kristiansen Laake (13. november  186222. mai 1927) var ein norsk lærar, gardbrukar, offiser og politikar frå Ullensaker.

Gardbrukarsonen Laake tok eksamen frå krigsskulen i 1889 og den militære høgskulen i 1892. Han underviste på Vinterlandbruksskolen i Oslo 1889-97 og frå 1897 til 1910 var han lærar i teikning og landmåling på Norges Landbrukshøgskule.

I 1902 kjøpte Laake garden Haug i Hovin sokn og budde der livet ut. Åra 1908 til 1916 var han ordførar i Ullensaker. Sommaren 1915 vart han utnemnd til sjef for 1. posisjonsart. bataljon av feltartilleriregiment nr. 1 og samstundes forfremja til major. I 1918 møtte han på Stortinget som varamann frå 14. august, der han representerte Venstre. Seinare var han varaordførar i Ullensaker frå 1923 til han døydde.

Laake hadde ei mengd tillitsverv. Han var mellom anna formann i Ullensaker Sparebank, Akershus Venstrelag, ungdomslag og mållag. Attåt var han styremedlem i Eidsvoll Landsgymnas og Livstrygdelaget Andvake. Han arbeidde iherdig for skyttarsaka og var den som tok initiativet til ei bygdebok for Ullensaker. Laake gav òg ut ei bok om landmåling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]